I juni arrangerte Bransjeforeininga for naturkonsulentar (BFN) to kursrundar i makroalgar ved Espegrend feltstasjon utanfor Bergen. Begge kursa vart omtrent fullteikna, og tilbakemeldingane frå deltakarane viser at det har vore eit vellukka tiltak for å styrkje marin artskompetanse i konsulentbransjen.
Kurset vart utvikla av BFN sitt marine utval og retta mot konsulentar og fagpersonar som arbeider med kartlegging, artsbestemming og tilstandsvurdering av marine makroalgar. Gjennom to intensive kursdagar fekk deltakarane ei fagleg fordjuping i artskunnskap, taksonomiske utfordringar og diskusjonar om forvaltningsretta bruk av makroalgar.
– Det er svært gledeleg å sjå den store interessa for kurset. Makroalgar er ei viktig artsgruppe i marin naturkartlegging, og behovet for auka kompetanse er stort. Artskompetanse er avgjerande både for vurdering av miljøtilstand og for å kunne avgjere om algane vi finn i våre farvatn er truga eller invasive, med potensielt negative økologiske effektar. For truga artar handlar dette mellom anna om påverknad frå klimaendringar, eutrofiering, nedslamming og fysiske inngrep, medan invasive artar kan fortrenge stadeigne artar, endre habitat og påverke økosystemfunksjonar negativt. Målet vårt har vore å bidra til høgare kvalitet og større fagleg konsistens i kartleggingsarbeidet, seier BFN sitt marine utval.
Undervisninga kombinerte faglege foredrag med nøkling og artsidentifisering av innsamla algemateriale. Deltakarane fekk arbeide tett saman med erfarne fagpersonar og diskutere utfordringar knytt til artsbestemming og bruk av makroalgar i forvaltninga.
Kurset vart halde av Kjersti Sjøtun (UiB), Franz Goecke (NMBU) og Mette Eilertsen (DNV), som delte av sin omfattande erfaring innan marin botanikk, økologi og naturkartlegging.
Eit sentralt mål for BFN er å styrkje kvaliteten på naturkartlegging i Noreg gjennom kompetanseheving og fagleg nettverksbygging. Konsulentbransjen var breidt representert med deltakarar frå Multiconsult AS, Norconsult AS, Sweco AS, Cowi AS, DNV AOH AS, Naturrestaurering AS, Ecofact AS, Akvaplan-niva AS, STIM AS, Akvasafe AS og Dagfinn Skaar AS. Makroalgekurset er eit godt døme på korleis samarbeid mellom forskingsmiljø og konsulentbransje kan bidra til å utvikle felles metodisk forståing og høgare fagleg kvalitet.
BFN vil rette ein stor takk til kurshaldarane, deltakarane og Espegrend feltstasjon for to lærerike og inspirerande kursrundar. Med den store interessa og dei gode tilbakemeldingane som har kome inn, ser vi fram til å kunne tilby liknande faglege møteplassar også i framtida.
